skip to Main Content

Svenske visans skål!

Kva er det med den svenske visekunsten? Kva er det som gjer at den overstrålar det meste av det som er skapt av visekunst elles i Norden? I Trøndernes Mandssangforening har den vore hjertelig til stades i alle våre snart 160 år.

På ein merkelig og slett ikkje ubehagelig måte har den svenske visetradisjonen sett seg fast i hovudet til mange av oss. Vi trallar med Cornelis Vreeswijk, Olle Adolphson, Evert Taube, Nils Ferlin, Dan Andersson, Birger Sjøberg, kanskje også Ruben Nilsson. Absolutt også med bitar frå Gunnar Wennerbergs Gluntarne – og dessutan med ei heil rekke andre eminente visemakarar frå grannelandet. Men bakom og over alle desse tronar og tonar Carl Michael Bellman. Bellman gir utan tvil også den enklaste og beste forklaringa på korfor den svenske visetradisjonen står så sterkt og er så god. Det Bellman leverte av visekunst i løpet av eit par-tre tiår mot slutten av 1700-talet, saknar sitt sidestykke elles i verda. Han er på mange måtar eit litteraturhistorisk mirakel. Det skal sterke poetar til for å føre ein slik arv vidare, og vi har gode grunnar for å feire noen av desse.

bellman
Carl Michael Bellman, portrettert av Per Krafft 1779.

Bellman – stor alt i si samtid

Bellmans viser oppsto sjølvsagt ikkje av seg sjølv, dei heller. Han hadde ein tradisjon for tilsvarande dikting å trekke på, og gode modellar å gå etter. Han var heller ikkje den einaste som song på gata i Stockholm i si samtid. Men han var den beste. Heldigvis var det også folk med kulturell pondus og prestisje og estetisk dømmekraft som fatta det store i Bellmans viser. Tidas fremste smaksdommar, Johan Henric Kellgren, også ein habil poet, skreiv eit anbefalande forord til Fredmans Epistlar, og i begeistra vendingar om tekst og musikk: «Säkert känner man ännu ej mer än hälften dessa poemers värde, om man blott känner dem som poemer. Aldrig ännu voro skaldekonst och tonkonst mera systerligt förenta. Det är icke vers, som äro gjorda till denna musik; icke musik, som är satt till dessa vers: de hava iklätt sig varandras behag, så samansmält til en skönhet, att man föga kann se, vilken mest skulle sakna den andra för sin fullkomlighet: verserna, att rätt fattas, eller musiken, att rätt höras.»

Desse orda kjennes gyldige den dag i dag, 225 år etter at Bellmans viser første gong kom ut som bok. Og dei kunne nok vera både gode og nødvendige å få med seg på vegen for at verket, med sine folkelig-burleske tekstar, også skulle kunne finne innpass hos dei fine, dette tynne sjiktet av folk som i samtida hans hadde råd til å kjøpe bøker. Men denne tidlige positive dommen frå Kellgren førte også til at Bellmans viser heller ikkje kunne bli oversett i ein offisiell akademisk samanheng – dei vart løfta fram som seriøs dikting og fekk ein litterær prestisje som all seinare svensk visekunst har kunna nyte godt av.

ulla-winblad
Illustrasjon til Fredmans epistel N:o 3, der Ulla Winblad danser til Fader Bergs hornspill.

Frodig persongalleri

Så var det da også tankar i Bellmans vers; dei hadde dette elementet som gjerne blir kalla Bellmans doble perspektiv – den eineståande evna han hadde til å løfte grotesken til myte og tidvis også opp til sublim poesi. Med sin Bacchi Orden skaper han ei slags omvendt verd der han på komisk vis forvrenger både Bibelen og dei kjerkelige rituala. Han grip tilbake til den antikke og norrøne mytologien, men hans personar er ikkje akkurat å likne med dei høge gudar. Dette er ei verd befolka av frodige, men i grunnen temmelig utslåtte eksistensar, fattiga och försupna. Men i poesien, musikken og rusen blir dei gudar likevel.

Visekunsten blir ført vidare

Dette med å plassere figurane i ei miniverd på denne måten, og bruke denne verda som ei sosial ramme omkring visene, er eit grep som fleire av etterfølgjarane hans har lært av og ført vidare. Gunnar Wennerberg er eit opplagt døme. Duettane i Gluntarne kan vi rett nok ikkje synge som kor, men ein song av Wennerberg syng vi til gjengjeld stadig i festlige lag som firstemt korsats: sjølvaste «Halvan går»! Den får vi vel kalle effektiv brukspoesi, klart plassert innafor det vi kan kalle ein Bacchi orden. Men

Gunnar Wennerberg
Gunnar Wennerberg, Litografi ca 1850

Wennerberg er også ein meister, både tekstlig og musikalsk, til å mane fram heilt andre stemningar. Gluntarne er  festlig dikting, guda god å vera i, og vel verd eit Herre min gud! – ikkje minst som tostemt bønn når månen ljuser. Eventuelle depresjonar er her alltid av det lettare slaget, og alltid handterbare i den løpande dialogen mellom Magisteren og Glunten. Her manglar verken komikk og latter eller vakre naturscenar. Likevel må vi vedgå at Wennerbergs gluntar surrar rundt i eit nokså avgrensa biedermeier-univers med studentikost liv og stort sett danna rangling i eit idealisert Uppsala.

Noko av det same gjeld Birger Sjöbergs «Lilla Paris» – i utgangspunktet ein lett melankolsk småbyidyll som ramme kring eit ungt, sensibelt og sårbart småborgarlig liv. Sjöbergs unge poet drømmer forelska om sin Frida, enten han ser henne i kvardagslige syslar eller gjenerindrar «den førsta gång», og han fantaserer seg fyrig til Spaniens månsken når tankane hans vil bade. Den siste er eit praktfullt bravurnummer, men for han blir Spanien verande i ein uoppfylt drøm.

Taubes verden

Annleis da med slike karar som Fridtjof Andersson og Rönnerdahl! Dei har sjølvsagt alt vore der nede og elles praktisk talt over heile kloden og over alle hav. Like heimekjente som dei er i Bohuslän og Roslagen, er dei også i Arkadien og på Pampas. Med Evert Taube og hans figurar møter vi endelig noko av det same frodige og livsglade persongalleriet som kjenneteiknar Bellman. Taube legg seg da også tydelig opp til sin store forgjengar. Men hans verd er befolka av sjøfolk og fiskarbønder som stort sett held seg nøysamt på havet eller i sjøkanten, når dei da ikkje, som Fridtjof Andersson, turnerer rundt mellom fasjonable turiststader som feira trubadur og suksessfull kvinnebedårar.

evert_taube_1961
Evert Taube 1961

Lenge vart Taube sett på som ein sjarmerande, men nokså enkel kabaretartist. Dette var han sjølv slett ikkje fornøgd med. Han ville bli teke på alvor som diktar. Og i løpet av 1950-åra, da han raskt nærma seg dei 70, skjedde det verkelig også eit omslag i det offisielle synet på visekunsten hans. Den svenske kabaretkulturen var tilbake etter å ha ligge i dvale eit par tiår, og eit nytt medium, fjernsynet, var komme til. Unge poetar og trubadurar, som Lars Forsell, Povel Ramel, Hasse-å-Tage, Olle Adolphson og fleire, såg det store i visekunsten hans, og dei var begeistra. Da sonen Sven Bertil gir ut eit par samlingar med farens viser omkring 1960, skriv ingen ringare enn den store modernistiske poeten Gunnar Ekelöf eit beundrande forord til den eine. Taube er inne i varmen, kjenner seg endelig anerkjent som forfattar og skriv ei rekke høglærde dikt, som vel nesten ingen lenger kjenner til, men han skaffar seg på slutten av livet eit varande namn i miljørørslas Hall of Fame med «Änglamark».

samfundet
Studentersamfundet i Trondheim.

Norden – eitt viserike

På 60-talet hadde Pub’en i Samfundet også ein svensk trubadur in residence. Det var «Skepparn», Gösta Urban Cervin. Han gjorde oss kjent med visene til Ruben Nilsson, og også med kjente og mindre kjente viser av Nils Ferlin. Og han song sjølvsagt Evert Taube. Men han song også Prøysen, i svensk tapping ved Ulf Peder Olrog. Ein gong like før midten av tiåret introduserte han ein kveld frå scenen i Samfundet ein kamerat av seg for eit norsk publikum. Det var ein trubadur med det litt uskandinaviske namnet Cornelis Vreeswijk. Han song blant anna om lillsysterns døde undulat og sendte brevrapport från kolonien. Der starta ei ny verd, befolka av nye figurar! Vreeswijk er stor både som trubadur og poet i meir konvensjonell forstand. Og ved sida av den fantastisk fine formidlinga av sin eigen viseskatt har han også gitt til beste nye strålande tolkingar av sine to største forgjengarar, Bellman og Taube.

vreeswijk_akerstrom_cervin_1965
Fra venstre: Cornelis Vreeswijk, Fred Åkerström (midten) og Gösta ”Skepparen” Cervin på Vietnamdemonstrasjon på Hötorget i Stockholm den 28. august 1965.

Det må innrømmas at denne rekka av trubadurar frå Bellman til Vreeswijk er udelt maskulin. Det er det dessverre lite å gjera med. Først med den feministiske oppvakninga på 1970 talet, med namn som Sonja Åkeson og Maria Bergmann, ser dette ut til å rette litt på seg. Songane deires kan nok bli i overkant vanskelige å gi truverdige tolkingar av for eit mannskor, men også desse visene skriv seg inn som nye skott på ein stor tradisjon. Og det enklaste svaret på den lysande auraen kring denne tradisjonen er Bellman, Bellman, Bellman… Eit viktig poeng her er også at dette litteraturhistoriske mirakelet har ført til at dei som skriv slike historier i nabolandet, har måtta ta visa på alvor som litterær sjanger. Dette har inntil det aller siste ikkje vore heilt opplagt å gjera i vårt eige land, enda vi også her har ein sterk visetradisjon frå Petter Dass til Torleif Bjella, og mange, mange der imellom, med ei rekke framifrå artistar. Skulle vi trekke fram eit par frå det førre hundreåret, måtte det bli Jakob Sande og Alf Prøysen. Sande er så desidert ein vestlending, med stor spennvidd i diktinga si, frå det groteske, burleske og til det vare og sakrale – og slik kan han faktisk minne om Bellman. Prøysen, som ragar over alle både i samtid og ettertid – så langt – er sjølvsagt hedmarking. Men Prøysen kan vi heller ikkje fullt ut forklare utan dei impulsane han fekk frå ein folkelig svensk visetradisjon som han vart godt kjent med i tidlige guteår, og som han i vaksen alder og som etablert forfattar dyrka vidare i eit gjensidig produktivt samspell med den svenske visekunstnaren og trubaduren Nils Peder Olrog. Men slike historier viser vel berre at Norden i grunn og botn er eitt viserike, og at under våre himmelstrøk er Carl Michael konge i alle land.

Gunnar Foss

Gunnar Foss er professor i litteraturvitenskap og syng bass i Trøndernes mandssangforening.

This Post Has 0 Comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.